Forside av NNHs utdanningsdokument

NNHs utdanningspolitikk

Fellesnemnar

Alle levande organismar har evne til å hela skadar og dermed gjenvinne sin anatomiske og funksjonelle integritet. Ofte blir dette kalla sjølvheling. Under ulike sykdomstilstandar må organismen av og til understøttast for at denne sjølvhelinga skal skje optimalt. Mange av desse understøttingsmetodane er utvikla innan den naturmedisinske tradisjonen, og bruken av disse er stigande blant folk flest.

Dei mange naturmedisinske terapiformene kan være svært ulike i si praktiske utøving, men verknadsmekanismene vil vera dei same. Forklaringsmodellane dei byggjer på er samansett av ulike begrep, mest bestemt ut ifrå kva kultur dei har oppstått i og kva teknikk/reiskap som blir nytta. Likevel er også her fellesnemnaren slåande. Saman vil dei komplettera kvarandre, og dermed danna forståingsmodellar som vil kunna innverka positivt på den praktiske utøvinga av dei einskilde terapiformene.

Både NNHs organisasjonsform og utdanningspolitikk er tufta på denne erkjenninga. Vårt Utdanningsdokument skisserar opp det som skal vera felles utdanningsplattform for alle uansett val av naturterapeutisk hovudterapifag. På den måten kan me utvikla ein felles fagidentitet, samstundes som me tek vare på særidentitetane gjennom dei ulike naturterapeutiske faga og dei respektive faggruppene.

Allmenndannande fag

Dei allmenndannande faga er framført i Utdanningsdokumentet som Generelle fag, Naturmedisinsk grunnutdanning og Naturvitskapelege fag.
Hovudmålet med desse faga er å utdanna terapeutar med ein høg etisk standard, gjera dei i stand til å kommunisera med andre fagprofesjonar og utvikla ei kritisk tenking til både seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap. Vidare å skapa ei forståing for hovudprinsippa innan ulike klassiske naturmedisinske system for dermed å tydeleggjera den naturterapeutiske identiteten og komplettera forståinga og utøvinga av dei ulike terapiformene.

Grunnutdanningar/hovedterapifag

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) organiserar terapeutar som praktiserar ulike terapiformer innan naturterapeutisk behandling. Einskilde terapeutar praktiserar bare ein terapiform, men hovudtyngda av medlemsmassen nyttar fleire terapifag/metodar i sin praksis. Omsynet til at dei fleste integrerar fleire naturterapeutiske fag i sin praksis, har gjort at NNH satsar på å kvalitetssikra solide grunnutdanningar tilpassa ein naturterapeutisk praksis og med gode føresetnadar for vidare spesialisering.

Kvalitetssikring av studieplanar

NNHs landsmøte 2004 i Stavanger gjorde vedtak om at NNHs Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram skulle vera gjeldande som vegvisar og strategidokument når det gjeld behandling av studieplanar og andre forhold som knyttar seg opp til ei slik verksemd.

Sentrale element i godkjenningsprosedyren av studieplanar er vurdering i forhold til formulering når det gjeld verdigrunnlag og målsetjing, struktur på studieplan, fag/emneoversikt, klinikk/praksisordningar, lærarkvalifikasjonar, undervisningsmetodar, fordjupingsoppgåve, sensorarbeid, metodar for kunnskapsmåling, vitnemål/diplom, opptakskrav og realkompetanse, skulestruktur, skulereglement/studiekontrakt, lokalitetar/hjelpemiddel, pensumlitteratur.

NNH er gjennom dette arbeidet med på å skapa ei kompetanseutvikling i dei ulike utdanningsinstitusjonane og samstundes ha fokus på dei rettar og krav studentane har når det gjeld studietilbud.

Se også NNHs utdanningsdokument (pdf-fil)