NNH-godkjente studietilbud

NNHs landsmøte 2004 i Stavanger gjorde vedtak om at NNHs Utdanningsdokument og kvalitetssikringsprogram skulle vera gjeldande som vegvisar og strategidokument når det gjeld behandling av studieplanar/utdanningar og andre forhold som knyttar seg opp til ei slik verksemd.

Sentrale element i godkjenningsprosedyren av studieplanar/utdanningar er vurdering i forhold til formuleringar når det gjeld verdigrunnlag og målsetjing, struktur på studieplan, fag/emneoversikt, klinikk/praksisordningar, lærarkvalifikasjonar, undervisningsmetodar, fordjupingsoppgåve, sensorarbeid, metodar for kunnskapsmåling, vitnemål/diplom, opptakskrav og realkompetanse, skulestruktur, skulereglement/studiekontrakt, lokalitetar/hjelpemiddel, pensumlitteratur.

NNH er gjennom dette arbeidet med på å skapa ei kompetanseutvikling i dei ulike utdanningsinstitusjonane og samstundes ha fokus på dei rettar og krav studentane har når det gjeld studietilbud/utdanning.

Godkjente studieplanar/utdanningar

Ajourført 10. mai 2017

VEKS fag

NNHs minstekrav for godkjenning er 50 undervisingstimar i VEKS fag (vitenskap, etikk, kommunikasjon og samfunnsfag). Desse faga kan inngå i enkelte terapifaglege utdanningar. Vi vil også kunne gje godkjenning dersom søkeran kan dokumentera at dette har inngått i studiar ved høgskule, universitet eller liknande.

Godkjente studieplanar:

Naturmedisinsk grunnutdanning

NNHs minstekrav for godkjenning er minimum 110 timar i Naturmedisinsk grunnutdanning. Desse faga kan inngå i enkelte terapifaglege utdanningar.

Godkjente studieplanar:

Grunnmedisin

NNHs minstekrav for godkjenning er minimum 300 undervisningstimer eller tilsvarende 30 studiepoeng i høgskulesystemet for grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, patologi osb.).

Godkjente studieplanar:

Terapifag

Akademi for Fem element akupunktur

  • Fem element akupunktur

College of Naturopathic medicine

  • Naturmedisinsk ernæringsterapi

Healing- og terapiskolen

  • Hjertehealing

Institutt for Helhetsmedisin

  • Soneterapi

Naturterapiskolen Nord

  • Naturmedisinsk aromaterapi

Norsk aromaterapiskole

  • Naturmedisinsk aromaterapi

Norsk Institutt for Fem-Element Akupunktur

  • Fem element akupunktur

Sirius Naturterapeutisk Skole

  • Naturmedisinsk muskelterapi
  • Biomekanikk
  • Refleksologi
  • Kraniosakralterapi
  • Soneterapi

Skandinavisk Hesteterapiutdanning, SHU

  • Holistisk hesteterapi

Tunsberg Medisinske skole

  • Naturmedisinsk ernæringsterapi
  • Ernæringsterapi - innpassing for kandidater med bachelor i ernæringsfysiologi
  • Biopati