|
|
|
|
03.06.2012 Allmenn naturterapi | Dei ulike naturmedisinske terapiformene kan vere svært ulike i si praktiske utøving, men verknadsmekanismane vil vere dei same. Forklaringsmodellane dei byggjer på er samansett av ulike omgrep, avgjerande ut ifrå kva kultur dei har oppstått i og kva for ein teknikk/reiskapar som blir nytta. Saman vil dei komplettera kvarandre, og med det danna forståingsmodellar som vil kunne ha positiv innverknad på den praktiske utøvinga av dei einskilde terapiformene.
Fleire utdanningar innan naturmedisin er i dag retta
mot å gje kompetanse i sambruk/samhandling av ulike naturmedisinske
terapiformer/diagnoseverktøy. Undervisninga
i terapifaga/diagnoseverktøy og teoretisk grunnlag dannar ein logisk og faglig
heilskap slik at kandidaten blir i stand til å velja individuelle
behandlingsstrategiar for den einskilde pasient. Utdanninga i dei ulike terapifaga skal ha eit
nivå som ivaretek pasienttryggleiken. Målet for behandlinga er å støtta kroppens sjølvregulerande system ved
blant anna å minska ytre og indre belastningar, stimulera til avgiftning og
aktivera/regulera immunsystemet. Slik
utviklast ein indre homøostase, som gjer organismen i stand til å hela seg
sjølv.
Dei ulike naturmedisinske systema/metodar som ein allmenn naturterapeut nyttar seg av, kan variera, men dei mest vanlege er: Tradisjonell kinesisk medisin, kinesiologi, soneterapi, homøopati, antroposofisk medisin, osteopati, kiropraktikk, homotoxikologi, biopati, ernæringsterapi, kostveiledning, , urtemedisin, øyreakupunktur og fleire andre diagnoseverktøy som irisanalyse, mørkefeltmikroskopi, mineral/vitaminanalysar osb.
Kva kan eg venta meg i behandlingssituasjonen?
Fyrste konsultasjon hjå ein allmenn naturterapeut, er ei kartleggjing av pasientens
helsetiltand/symptom og journalføring av desse. Basert på pasienten sitt samla symptombilete og resultatet av ulike
diagnosemetodar, blir det tilrettelagt eit individuelt behandlingsopplegg. Det vil også vera fokus på årsaksforhold,
både av fysisk og psykisk karakter.
Ved kroniske plager vil den fyrste konsultasjonen
vanlegvis vera omfattande og ofte vara eit stad mellom éin og to timar. Ved
akutte plager er konsultasjonane mindre omfattande, fordi sjukdomsbiletet som regel er tydelegare
og mindre samansett.
Lengda på behandlinga vil vera individuelle og kan
avhenga av fleire faktorar: karakteren til sjukdomen, kor lenge han har vart,
alderen til pasienten m.m. Einskilde
ynskjer også å nytta eit behandlingsopplegg som ledd i førebyggjande tiltak, og
då gjerne i eit lengre tidsperspektiv.
Fagkrav til allmenn naturterapeut MNNH
Grunnmedisin : 300
undervisningstimar (eller tilsvarande 30 stp.)
VEKS-fag: 50 undervisningstimar (tilpassa totalt
studieomfang)
Naturmedisinsk grunnutdanning/diagnostikk/terapifag: 600
undervisningstimar ( minimum 1/3 skal vera praksis)
Sum: 950
undervisningstimar
Eigenstudietimar: 750 x 1,1 825 timar
Totalt studieomfang: 1775
timar
Antallet timer med egne
studier er vurdert ut fra at de fleste naturmedisinske studier er deltidsstudier
og må egenfinansieres. Dette betyr for de fleste studenter at fulltids- eller
deltidsarbeid skjer ved siden av studiene.
Se også
Generelt om NNH-medlemmers behandlingstilbud
http://www.nnh.no/article.aspx?id=6
|
|
|
OPPDATERT 21.05.2013
Information in English





Annonser:








|
|