Døme her kan vera terapeutar som har teke ei rekkje kurs/utdanningar frå lang tid attende og drive heildagspraksis i mange år og aldri vore organisert – til heilpraktikarar frå Tyskland med solid og allsidig grunnutdanning innanfor den naturmedisinske tradisjonen. Dei fleste manglar tilstrekkeleg timar i dei spesifikke terapifaga.
Nokre skuler tilbyr også utdanningar der sambruk/samhandling av diagnoseverktøy og terapifag er sentrale element.
Det er viktig at NNH er på høgde med kva som er realiteten i utdanningsfeltet og skapar ordningar som er tilpassa desse. I denne samanhengen er det også viktig å setja eit høgt krav til slike utdanningar, slik at dette ikkje blir oppfatta som meir lettvinte vegar til godkjenning. Feltet treng både naturmedisinske allmennpraktikarar og spesialistar innan ulike terapifag.
Utdanning
Undervisninga i terapifaga/diagnoseverktøy og teoretisk grunnlag må danna ein logisk og faglig heilskap slik at kandidaten blir i stand til å velja individuelle behandlingsstrategiar for den einskilde pasient. Utdanninga i dei ulike terapifaga skal ha eit nivå som ivaretek pasienttryggleiken. Målet for behandlinga er å støtta kroppens sjølvregulerande system ved blant anna å inska ytre og indre belastningar, stimulera til avgiftning og aktivera/regulera immunsystemet. Slik utviklast ein indre homøostase, som gjer organismen i stand til å hela seg sjølv.
Godkjende terapiformer
Med denne godkjenninga vil fleire utøvarar som tidlegere falt utanfor våre godkjenningsreglar, kunne registrere seg i utøvarregisteret i Brønnøysund og ved det oppnå momsfritak. NNH har nå 17 terapiformer som gjev rett til registrering:
1. akupressur
2. akupunktur
3. allmenn naturterapi
4. biopati
5. fytoterapi
6. homøopati
7. kinesiologi
8. kopping
9. kraniosakralterapi
10. lymfedrenasje
11. naturmedisinsk aromaterapi
12. naturmedisinsk ernæringsterapi
13. naturmedisinsk muskelterapi
14. polaritetsterapi
15. refleksologi
16. soneterapi
17. øreakupunktur