Generelt om NNH-terapeuters behandlingstilbud | Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon


   

 
 
    Terapier
   Akupressur
   Akupunktur
   Allmenn naturterapi
   Aromaterapi
   Biopati
   Fytoterapi
   Heilpraktiker
   Helhetsterapi
   Holistisk hesteterapi
   Homøopati
   Kinesiologi
   Kopping
   Kraniosakralterapi
   Lymfedrenasje
   Nat.med. aromaterapi
   Nat.med. dyreterapi
   Nat.med. ernæringsterapi
   Nat.med. muskelterapi
   Øreakupunktur
   Polaritetsterapi
   Refleksologi
   Rosenmetoden
   Soneterapi
   Terapeutisk eurytmi
   Terapeutisk healing

 

28.02.2013
Generelt om NNH-terapeuters behandlingstilbud

Norske Naturterapeuters Hovedorganisasjon (NNH) organiserar terapeutar som praktiserar ulike terapiformer innan naturterapeutisk behandling. Einskilde terapeutar praktiserar bare ein terapiform, men hovudtyngda av medlemsmassen nyttar fleire terapifag/metodar i sin praksis.


Ein godkjent NNH-terapeut er pålagt i si marknadsføring spesielt å nemna den eller dei terapiformene vedkomande har godkjenning i, slik at pasientar kan være trygge på å få kvalifisert behandling i dei terapiformene som blir nytta - uansett om dette er ein eller fleire. Når det gjeld tilleggsterapiformer som blir nemnt og som NNH ikkje har godkjenning for, har terapeuten ansvar for nødvendig og forsvarleg kompetanse. Dette er også stadfesta i ansvarsforsikringa som kvar einskild terapeut har.
 
Dei ulike faggruppene eller sentralstyret/landsmøtet i NNH har hovudansvaret for å fastsetja utdanningsnivå i dei ulike faga. Omsynet til at dei fleste integrerar fleire terapifag i sin praksis, har gjort at NNH satsar på å kvalitetssikra solide grunnutdanningar tilpassa ein naturterapeutisk praksis og med gode føresetnadar for vidare spesialisering - jfr. dei ulike fagkrava under Terapibeskrivelser.

Fagkrava i dei allmenndannande faga er i dag på minimum 300 undervisningstimar eller tilsvarande 30 studiepoeng i høgskulesystemet for grunnmedisinske fag (anatomi, fysiologi, patologi osb.), 50 undervisingstimar i Generelle fag (etikk, kommunikasjon osv.) og 110 timar i Naturmedisinsk grunnutdanning. Hovudmålet med desse allmenndannande faga er å utdanna terapeutar med ein høg etisk standard, gjera dei i stand til å kommunisera med andre fagprofesjonar og utvikla ei kritisk tenking til både seg sjølv, sitt eige fag, etablerte sanningar og nyare forsking/kunnskap. Vidare å skapa ei forståing for hovudprinsippa innan ulike klassiske naturmedisinske system for dermed å tydeleggjera den naturterapeutiske identiteten og komplettera forståinga og utøvinga av dei ulike terapiformene.

NNH har vedtektsfesta etiske regler som medlemma er forplikta til å fylgja.  Sjå http://www.nnh.no/vedlegg/14.pdf
Organisasjonen har også eit klageorgan/etisk råd som pasientar kan bruka om dei meiner seg feilbehandla i forhold til nemnde regelverk. Terapeutmedlem pliktar å ha oppslag om dette på venterom/kontor. 


 
OPPDATERT 29.03.2017

English info

 
 
Tlf. 22 33 32 20 Skippergata 9, 0152 Oslo post@nnh.no

Hosting av Hjelseth Computers