|
|
|
|
08.09.2009 Faggrupper i NNH | Dei ulike faggruppene er fundamentet i NNH sin organisasjonsstruktur og har som hovudmål å hegna om og utvikla dei ulike naturterapeutiske terapifaga. I NNH sine vedtekter er kvar faggruppe plikta til å utarbeida fagretningslinjer i sine respektive terapiformer. Desse vil så danna grunnlaget for søknad om godkjenning av studieplanar ved utdanningsinstitusjonar og seinare individuelle søknadar om terapeutmedlemskap.
Organisatorisk er ei inndeling i faggrupper, i staden for meir eller mindre autonome underorganisasjonar, fordelaktig ved at det skapar mindre byråkrati og gjer at tida frå idé til handling og vedtak blir vesentleg kortare. NNH tilstrevar at alle faggrupperingar har plass i sentralstyret.
Inndeling i faggrupper er også ei forutsetning for å ha kontakt med internasjonale naturterapeutiske fagorganisasjonar som driv med kvalitetsutvikling av kompetansestandarar i dei ulike faga.
NNH har valt ein organisasjonsstruktur som integrerar og tek vare på dei særeigne fagidentitetane representert ved dei ulike faggruppene og samstundes har vi skapt ein felles utdanningsidentitet gjennom dei allmenndannande faga som alle må ha uansett kva naturterapeutisk terapifag den einskilde vel som sine hovudterapifag. Dette skapar ein organisasjon som er effektiv og mindre byråkratisk og terapeutar som kan tilby behandlingsopplegg som er mangfaldig og differensiert.
------------
Aktiviteten i dei ulike fagruppene kan variera frå tid til anna. NNH sentralt vil likevel alltid sørgja for å ha tilgjengelege kontaktpersonar som er med på å oppretthalda kontinuiteten og kan vera hjelpsam med informasjon. Ta elles kontakt med NNH sin administrasjon. |
|
|
OPPDATERT 07.09.2010






|
|